Hopp til hovudinnhald

Kortversjon av tilsynsstrategi 2021-2024

Dei neste åra vil tilsynet jobbe for å nå tre hovudmål i arbeidet for eit samfunn utan digitale barrierar.

Vår visjon er eit samfunn utan digitale barrierar. Visjonen speglar ei framtid utan diskriminering, med lik samfunnsdeltaking for alle innbyggarane i Noreg og der universell utforming er med i all digital utvikling. Målet er å fremme inkludering og motverke digitalt utanforskap. Fram mot 2024 vil tilsynet jobbe for å realisere tre hovudmål.

Vi vil auke etterleving av regelverk for universell utforming av ikt

  • Tilsynet utøver mynde basert på risiko. Vurderingane våre bygger på innsikt gjennom eigne og andre datakjelder. Vi tek kunnskapsbaserte avgjerder og innrettar tiltaka der dei gir mest effekt.
  • Digitalisering gir oss auka kapasitet, fleire kontrollar og meir effektiv sakshandsaming og rettleiing.

Dette skal vi oppnå gjennom

  • risikobasert tilsyn på grunnlag av datadrivne analyser og statusmålingar
  • effektiv sakshandsaming med rett kvalitet
  • målretta informasjon og rettleiing til verksemder og innbyggarar

Vi vil vere det leiande fagorganet på uu av ikt

  • Tilsynet skal vere ein leiande kunnskapsprodusent innan området universell utforming av ikt.
  • Vi bygger og formidlar kunnskap om verksemdenes bruk av ikt, digital deltaking og digitale barrierar.
  • Kunnskap skal bidra til utvikling av eit regelverk som verkar etter intensjonen.
  • Vi følgjer med på standardisering og regelverksutvikling internasjonalt.

Dette skal vi oppnå gjennom

  • datadriven områdeovervaking bygd på innsiktsbaserte analysar
  • formidling av kunnskap om universell utforming av ikt
  • nettverk og samarbeid med organisasjonar og offentlege organ nasjonalt og internasjonalt

Vi vil utvikle eit datadrive tilsyn med digitale prosessar

  • Arbeidsmetodane i tilsynet skal bygge på data og innsikt. Slik tek vi kunnskapsbaserte avgjerder og får effektive arbeidsprosessar.
  • Tilsynet skal ha gode rutinar og metodar for å sikre høg datakvalitet og smart datastyring.
  • Ved å bruke teknologi og data effektivt ønsker vi å få til fleire kontrollar og analyser.

Dette skal vi oppnå gjennom

  • datadriven kultur med autonome medarbeidarar og effektiv samhandling
  • evne og kompetanse til å jobbe datadrive med nye verktøy
  • spesialisering og skalering av våre arbeidsmetodar