Hopp til hovudinnhald

Frå januar tok jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg, over stafettpinnen som leiar for SAGA, etter at tilsynsdirektør Malin Rygg har vore leiar sidan 2018.

08. april 2024

Frå januar 2024 vart tidlegare leiar av SAGA, Malin Rygg, erstatta med Sigbjørn Råsberg frå Tilsynet for universell utforming av ikt. SAGA står for Strategic Advisory Group on Accessibility, og er eit rådgjevande og koordinerande organ for CEN og CENELEC sine styrande organ når det gjeld politiske og strategiske spørsmål knytt til tilgjengelegheit, men utviklar ikkje standardiseringsleveransar. SAGAs medlemmar inkluderer representantar frå standardiseringsorgan, komitear, samt organisasjonar som representerer personar med nedsett funksjonsevne og eldre. Standard Norge er sekretariat for SAGA.

Sigbjørn Råsberg jobbar som jurist i tilsynet, der han har vore sidan 2020. Han har jobba særleg med nasjonal regelverksutvikling, innføring av EU-regelverk innan universell utforming, og standardisering. Sigbjørn har delteke saman med Malin i hennar arbeid som leiar fram til ho gjekk av ved nyttår, og var blant anna ansvarleg for omsetjinga av EN 301 549 frå engelsk til norsk.

Les intervju med Sigbjørn i nyheitssaka på Standard Norge sine sider.

Portrettfoto Sigbjørn Råsberg