Hopp til hovudinnhald

Brukarvenlegheit og universell utforming

Brukarvennlege og universelt utforma digitale tenester skal bidra til at alle kan delta. Vanskar med å finne, bruke og forstå digitale tenester er ikkje eit individuelt ansvar.

Laga: 24. juni 2025

Nøkkeltal

Gjennomsnitt av indikatorane for brukarvennlegheit og universell utforming er 52 %.

Test

Kva fortel tala om brukarvennlegheit og universell utforming?

Indikatorane for brukarvennlegheit og universell utforming viser eit nokså omfattande utfordringsbilde. Datatilfanget på dette området er i hovudsak knytt til offentleg sektor, tilsvarande oversikter finst i mindre grad for privat sektor.

  • 57 % er gjennomsnittet for indikatorane knytt til klarspråk. Indikatorane er knytte til informasjon generelt og språket i digitale tenester frå det offentlege.
  • 55 % er gjennomsnittet for indikatorane for brukarvennlegheit. Dei handlar om alt frå kor ofte ein opplever problem til i kva grad det er lett å forstå og bruke offentlege digitale tenester.
  • 47 % er gjennomsnittet for indikatorane for tilgang på rettleiing. Dei famnar mellom anna om kor lett det er å finne og forstå informasjon om offentleg sektor og bruk av offentlege tenester.
  • 46 % viser resultatet for testar av digitale tenester og løysingar mot regelverket for universell utforming av ikt i tilsyn og diskrimineringssaker på ikt-området.

Meir om brukarvennlege tenester

Indikatorane for brukarvennlege tenester er mange og delvis overlappande. Dei kan dekke både analoge og digitale tenester, men gjennomsnittet er vurdert til å gi eit dekkande bilde.

Diagrammet viser

For innbyggarar 18 år og eldre:

  • 66 % har sjeldan eller aldri problem med digitale oppgåver.
  • 62 % er fornøgde med å kunne utføre oppgåver på nett (fylle ut og sende søknader e.l.).
  • 61 % meiner at det er lett å bruke offentlege tenester på nett.
  • 56 % er fornøgde med brukarvennlegheit i løysing til digital offentleg teneste ein sist kontakta.
  • 51 % meiner at det er lett å forstå korleis skjema til kommunen skal fyllast ut (søknadsskjema o.l.).
  • 49 % meiner det er lett å bruke kommunens nettbaserte tenester.
  • 48 % meiner at det er lett å fylle inn skjema, søknader o.l. til ulike verksemder.

For innbyggarar 16 år og eldre:

  • 46 % meiner at offentlege digitale tenester er enkle å bruke.

Kjelder: DFØ (Innbyggarundersøkinga), Rambøll (IT i praksis)