Hopp til hovudinnhald

No er norske omsetjingar av WCAG 2.1 og EN 301 549 ute på høyring. Med innføringa av EUs webdirektiv (WAD) i norsk rett får desse standardane ein viktig funksjon i vurderinga av samsvar.

25. mars 2021

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har gitt Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) i oppdrag å utarbeide norskspråklege versjonar av EN 301 549 og WCAG 2.1. Bakgrunnen for dette er at EN 301 549 har fått status som ein harmonisert standard gjennom ei gjennomføringsforordning til WAD.

Harmoniseringa inneber at ein legg til grunn at ei løysing som er i samsvar med krava i EN 301 549, også er i samsvar med krava i WAD. EN 301 549 tek inn i seg krav frå WCAG 2.1, noko som er bakgrunnen for at også WCAG 2.1 no blir omsett til norsk.

Samarbeid

Omsetjinga av WCAG 2.1 skjer i samarbeid med W3C, som står bak WCAG. Digdir har i samband med dette fått status som Lead Translate Organisation (LTO) for WCAG 2.1 av W3C, og leier slik denne prosessen.

Sidan EN 301 549 er ein ETSI-standard har Digdir innleia eit samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), som er nasjonalt standardiseringsorgan (NSO) for ETSI-standardar i Noreg. Som NSO er Nkom ansvarleg for kvalitetssikringa av norskspråklege omsetjingar av ETSI-standardar.

Nkom og Digdir har arbeidd tett saman med både EN 301 549 og WCAG 2.1, og har i samband med dette kopla til seg ei referansegruppe som har bidrege inn i omsetjinga med verdifull fyrstehandskunnskap frå ulike felt.

Referansegruppa har bestått av representantar frå:

  • Trondheim kommune
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet
  • Bufdir
  • KS
  • Finn.no
  • Tingtun
  • Media LT
  • NEK
  • Norsk Regnesentral
  • NTNU
  • OsloMet – Storbyuniversitetet
  • Universitetet i Agder
  • Norges Blindeforbund
  • Hørselshemmedes Landsforbund
  • Norges Døveforbund

Totalt har referansegruppa bidrege med 955 endringsforslag, der 665 knyter seg til EN 301 549 og 290 til WCAG 2.1.

Det er lagt ned eit grundig arbeid i forkant av høyringa med gode innspel frå ei referansegruppe som representerer mange. Standarden som no er omsett til norsk er av stor betydning for universell utforming av ikt-produkt og -tenester innan både privat og offentleg sektor, seier avdelingsdirektør Per Eirik Heimdal i Nkom.

Parallelle høyringar

Sjølv om kvalitetssikringa av EN 301 549 og WCAG 2.1 formelt er to uavhengige prosessar, har Digdir og Nkom vurdert at samanhengen mellom dei er så stor at omsetjinga og høyringa best skjer i parallell. Dette er også med å sikre samsvar mellom dei to omsetjingane.

Når høyringane er ferdige, og omsetjingane er offisielle, blir både EN 301 549 og WCAG 2.1 på norsk ope (gratis) tilgjengeleg for alle.

– Når standardar er tekne inn i regelverk er det viktig for rettstryggleiken til både pliktsubjekta og brukarane at standardane som set dei tekniske krava er ope tilgjengeleg for alle. Samarbeidet med Nkom har vore avgjerande for å sikre dette, seier tilsynsdirektør Malin Rygg i Digdir.

Vi ber om innspel

Digdir og Nkom oppmodar alle interesserte til å sjå gjennom utkasta og kome med innspel.

For meir informasjon om dei to høyringane, gå inn på temasidene for WCAG 2.1 og EN 301 549.