Hopp til hovudinnhald

Etter ein kontroll Uu-tilsynet i Digdir gjennomførte i vår, vart det avdekka feil på UiB sine nettsider og digital eksamensløysing. Feila vart ikkje retta innan fristen, og universitet risikerer dagbøter på 150 000 kroner dersom ikkje feila er korrigert innan 22. oktober.

Brota på krava inneber at nettsidene og den digitale eksamensløysinga ikkje kan brukast av alle, og Universitetet i Bergen (UiB) bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova. Dersom brota ikkje er korrigert innan ti verkedagar, må UiB betale bøter på 150 000 kroner per verkedag.

Om saka

Tilsynet har i vår ført kontroll med Universitetet i Bergen (UiB), med både hovudnettside og digital eksamensløysing. Gjennomført kontroll avdekka brot på åtte av elleve lovkrav om universell utforming av ikt, som er suksesskriterium i standarden WCAG 2.0. UiB har no fått vedtak om tvangsmulkt, og dagbøter vil gå kvar verkedag frå og med måndag 25. oktober dersom feila ikkje er retta innan 22. oktober kl. 12.00.

UiB fekk etter tilsynet pålegg om retting, med frist for å korrigere brota. Etter fristen gjekk ut, viser ein oppfølgingstest at det framleis var feil på 74 % av dei testa elementa.

Alle skal kunne ta eksamen på like vilkår

Tilsynet har avdekka at personar med nedsett syn ikkje får den same informasjonen som andre når dei tek eksamen. Dette går utover gjennomføringa og kan gå utover resultat og karakter. I tillegg er det avdekka ein del andre problem som kan påverke situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne.

– Tilsynet ser svært alvorleg på brota, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Lik rett til utdanning er heilt i kjernen med formålet med dette regelverket. Og det er avgjerande at ein stor aktør som universitetet i Bergen vel digitale løysingar som sikrar at alle kan ta eksamen på like vilkår.

Les tilsynsrapporten

Endeleg tilsynsrapport er publisert på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Meir informasjon

Sjå gjeldande regelverk og krav på tilsynet sin nettstad – uttilsynet.no.

For meir informasjon om tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet og om krava til universell utforming av ikt, sjå tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Lovgrunnlag:

Ta kontakt ved pressespørsmål

Torhild Kristin Brudvik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 48288309

Malin Rygg

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97197317