Hopp til hovedinnhold

For første gong har ei verksemd i Norge fått tvangsmulkt for ikkje å ha tilrettelagt godt nok for alle på nett. Om feila ikkje blir retta innan 6. juli, vil verksemda få ei dagbot på 10.000 kroner fram til feila er retta.

Det er Askøy kommune i Hordaland som har fått bota. Difi gjennomførte tilsyn med Askøy sine nettsider i fjor haust, for å undersøke i kva grad dei var universelt utforma. Det vart då avdekka fire avvik, med brot på til saman ti lovkrav. Dei fleste av feila er korrigerte av kommunen, men det står att nokre feil. Dersom feila ikkje blir retta, medfører det at nettsidene ikkje er tilgjengelege for alle.

For feila som står att, vart det sendt ut pålegg om retting 30. april i år. Kommunen fekk frist til 21. mai til å levere ein ny tilfredsstillande plan for retting av feil. Siste plan vart ikkje vurdert som tilstrekkeleg.

Vi vurderer feila som står att til å ha moderate konsekvensar for brukarane, men dei rammar til dels alle brukarar, og særleg brukarar som ønsker å eller må navigere med tastaturet, og synshemma.

Tvangsmulkta startar frå 6. juli, dersom kommunen ikkje retter feila. Størrelsen på dagbota er i denne saka sett til 10.000 kroner. Dagsatsen vil deretter auke med 10 prosent per påbegynte månad. Dagbota vil gå fram til kommunen har dokumentert at avvika er retta i samsvar med regelverket.

Fakta om feila

  • 14 hovudtypar av feil er korrigerte av kommunen.
  • Bota er gitt på bakgrunn av at 3 hovudtypar av feil framleis ikkje er retta.
  • Totalt sett er det lite som står igjen av feil, og det er i tillegg enkelt å retta for kommunen.

Tvangsmulkta er gitt med heimel i lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova) og forskrift om universell utforming av ikt.

Kontakt

Torhild Kristin Brudvik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 48288309

Malin Rygg

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97197317