Digital deltaking

Over 90 % av befolkninga 16-79 år er på internett fleire gonger dagleg. Sjølvbetjente brukarar og det å nå ut med informasjon, tenester og varer, er avgjerande for å lukkast med digitalisering.

Bruk av internett

Diagrammet viser prosentandel som har brukt internett fleire gonger dagleg, dagleg eller nesten dagleg siste 12 md. Aldersgruppa 16-79 år. Periode 2009-2021. Data som viser bruk av internett fleire gonger dagleg har vi for perioden 2019-2021.

Kort oppsummert

  • I 2021 er 94 % mellom 16 og 79 år på internett dagleg/nesten dagleg, mot 74 % i 2009. Dei fleste, 93 %, er på internett fleire gonger dagleg.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 11124.

Dei mest brukte internettenestene

Diagrammet viser aktivitetar på internett siste 3 md. Prosent 16-79 år. 2021.

Kort oppsummert

  • Aktivitetar som e-post, banktenester, nettaviser og informasjon om varer/tenester vert brukt av over 90%.
  • Mellom 80 og 90 % deltek i sosiale nettverk og brukar internett til video- og telefonsamtalar.
  • Nær 80 % har internetthandla i løpet av ein tremånadsperiode i 2021. 90 % har handla over internett dei siste siste 12 månadene.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 06998 og tabell 11436.

Bruk av offentlege tenester på internett

Diagrammet viser bruk av offentlege myndigheiter sine tenester på internett siste 12 månader. Prosent 16-79 år. Periode 2009-2021.

Kort oppsummert

  • Andel som har sendt inn skjema til det offentlege har auka jamt, frå 46 % i 2009 til 75 % i 2021.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 11004.

Utvikling i netthandelen

Diagrammet viser netthandel av varer og tenester siste 12 md. Prosent 16-79 år. Periode 2009-2021.

Kort oppsummert

  • I 2021 handla 90 % mellom 16 og 79 år på internett (siste 12 md), mot 67 % i 2009.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 11436.

Netthandel av ulike typar varer og tenester

Diagrammet viser prosentandel som handla ulike typar varer og tenester over internett siste 12 md. Aldersgruppa 16-79 år. 2021.

Kort oppsummert

  • Over halvparten oppgir at dei har handla film/musikk (63 %) og kle/sportsartiklar (52 %).
  • Kjøp relatert til reiser/innkvartering og billettar til arrangement, er kraftig redusert under pandemien.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 07001.