Hopp til hovudinnhald

Bruk av private og offentlege digitale tenester

Dei fleste innbyggarane brukar internett. Å nå alle med informasjon, tenester og varer er avgjerande for å lukkast med digitalisering. Universell utforming og god brukskvalitet skal ivareta mange ulike brukarbehov.

Kor ofte brukar vi internett?

Diagrammet viser kor ofte innbyggarar 16-79 år er på internett i 2023.

Kort oppsummert

  • 94 % av innbyggarane mellom 16 og 79 år brukar internett dagleg eller fleire gonger dagleg i 2023, mot 74 % i 2009.
  • Berre 4 % brukar internett kvar veke, 1 % brukar internett sjeldnare enn kvar veke.

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 11124

Kva brukar vi internett til?

Diagrammet viser ulike typar aktivitetar innbyggarane har brukt internett til i 2023. Prosent 16-79 år.

Kort oppsummert

  • Digitale tenester i privat sektor er i bruk i større grad enn offentleg sektor sine tenester.
  • Over 90 % av befolkninga 16-79 år brukar nettbank (95 %) og e-post (95 %), nettaviser/magasin (94 %) og søk etter informasjon om varer og tenester (94 %).
  • Mellom 80 og 90 % sender direktemeldingar og deltek i sosiale nettverk (88 %), ser på nett-tv (82 %) eller høyrer på nettradio og strøymetenester (81 %).
  • 79 % har handla på internett dei siste tre månadene.
  • Mange utfører helserelaterte tenester på nett, som å få tilgang på personlege helseopplysningar (77 %), søke etter helserelatert informasjon (75 %) og avtale time hjå lege (51 %).

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 06998 og tabell 11436

Kva offentlege digitale tenester er mest i bruk?

Diagrammet viser bruk av offentlege myndigheiter sine tenester på internett siste 12 månader. Prosent 16-79 år. 2023.

Kort oppsummert

  • Dei store offentlege digitale tenestene er i bruk av mellom 70 og 90 % av befolkninga over 16 år.
  • Tenestene som er aller mest i bruk er å få tilgang til eigne persondata som er lagra av det offentlege (86 %), å levere skattemeldinga over internett (79 %) og få informasjon frå det offentlege via nettsidene deira (73 prosent).
  • Om lag halvparten har kommunisert med det offentlege via eigen brukarkonto (56 %) og lasta ned offentlege skjema frå internett (46 %).
  • Berre 8 % svarar at dei ikkje har skaffa seg informasjon eller har tilgang til informasjon frå det offentlege.

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 11004

Kor mykje erfaring har vi med digitale tenester?

Diagrammet viser korleis innbyggarar over 18 år har svara på spørsmålet: «Kor stor eller liten erfaring har du med bruk av private eller offentlege nettenester, som nettbank, Altinn, nett-tv, kjøp av varer og tenester?»

Kort oppsummert

  • Diagrammet samanliknar data frå 2021 med 2013.
  • Prosentdelen som har liten eller ingen erfaring med digitale tenester er meir enn halvert, frå 19 % til 7 %.
  • Prosentdelen som har stor erfaring med digitale tenester har auka kraftig, frå 35 % til 63 %.

Kjelde: Innbyggarundersøkinga 2021

Kor fornøgde er vi med sjølve å kunne utføre oppgåver via internett?

Diagrammet viser korleis innbyggarar over 18 år har svara på spørsmålet: «Kor fornøgd eller misfornøgd er du med det offentlege når det gjeld moglegheit til sjølv å utføre oppgåver over internett?»

Kort oppsummert

  • Det offentleg famnar om statlege, fylkeskommunale og kommunale tenester og myndigheitsorgan.
  • Oppgåver over internett famnar om bruk av sjølvbetjeningsløysingar, å fylle ut og sende søknader/skjema e.l.
  • Nær sju av ti (69 %) var fornøgde med å bruke offentlege digitale tenester 2021, mot 59 % i 2021.
  • Andelen som er misfornøgde med å bruke offentlege digitale tenester har auka frå 9 % i 2013 til 15 % i 2021. I same periode er andelen som har svara «veit ikkje»/«ingen meining», kraftig redusert. Dette kan sjåast i samanheng med at langt fleire brukar offentlege digitale tenester i 2021.

Kjelde: Innbyggarundersøkinga 2021

Kva vanskar opplever vi ved bruk av offentlege myndigheiter sine nettsider og appar?

Diagrammet viser opplevde problem ved bruk av offentlege myndigheiter sine nettsider eller appar siste 12 månader. Prosent 16-79 år. 2022.

Kort oppsummert

  • Ein tredjedel (33 %) av innbyggarane over 16 år som brukar internett, opplever at offentlege myndigheiter sine nettsider og appar er vanskelege å bruke, og 30 % opplever tekniske problem ved bruk av ikt-løysingane.
  • Ein av fire (25 %) har problem med bruk av elektronisk signatur eller elektronisk ID.

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 13744