Hopp til hovudinnhald
09. august 2023

Skal du publisere video? Då må du tenke på synstolking. Kva er det og kvifor er det viktig? Høyr meir i tilsynets podkast.

Du som jobbar med innhald på nett må ha kunnskap om synstolking, men kva er det og kvifor er det viktig? I denne episoden av tilsynets podkast får du vite meir om dette og at det kanskje kan gjerast enklare enn du trur?

I haust er det kommuneval og i denne podkasten høyrer du eit eksempel frå kommunevalet i 2019, der ein reklamevideo for ulike parti ikkje fungerte for personar med nedsett syn. Du får også vite kva som kunne vore gjort annleis med synstolking. Du høyrer Thea Løkebø som fylte 18 år i vinter og skal stemme for første gong i år. Ho er svaksynt og elev ved toppidrettslinja ved Sandefjord vidaregåande skule.

Det er eigentleg ganske lite som skal til for at ein video skal passe også for synshemma og blinde. Det er nesten sånn at dei som lagde videoen kan gjere det sjølv, det er ikkje alltid at ein synstolk treng å kome inn og tolke videoen, seier Thea i denne episoden, som vi håpar kan vere nyttig for deg som lagar innhald, er nettredaktør eller i det heile teke brukar digitale kanalar for å nå ut med informasjon.

Kravet om synstolking kjem først i 2024, men ønsker du å nå ut til så mange som mogleg med bodskapen din, er det lurt å tenke på dette allereie no.

Episoden er produsert i samarbeid med Magnar Kvalvik i MediaLT, som jobbar blant anna med å synstolke filmar.

God lytt!

Podkast: Synstolking – dette må du tenke på

Podkast frå Uu-tilsynet om synstolking. Kva er det og kvifor er dette viktig, og kan det vere at synstolking kan gjerast enklare enn du trur?

Kommunikasjonsansvarleg Torhild Brudvik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Torhild Kristin Brudvik

Torhild Brudvik er kommunikasjonsansvarleg i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Kommunikasjonsansvarleg Torhild Brudvik
Torhild Kristin Brudvik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Emne

Kommentarar (2)

O

Ove Østerby

14. august 2023

Hei, Podcasten har forstyrrende bakgrunnsmusikk. Hvorfor er den lagt på her?

T

Torhild Brudvik

23. august 2023

Hei! Tanken med bakgrunnsmusikken var å sette en stemning til innholdet som ble formidlet, men vi tenkte ikke på at det kunne oppfattes som forstyrrende. Takk for at du sier fra. Dette skal vi ta med oss videre.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
12 + 1 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.