Hopp til hovudinnhald
25. juni 2021

Denne veka lanserte Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) både WCAG 2.1 og EN 301 549 i autoriserte norskspråklege versjonar. Arbeidet med dette har vore leia av Digdir i tett samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og ei breitt samansett referansegruppe.

Tenkjer du at det å omsetje to standardar handlar om å finne ein omsetjar, betale for jobben? Det er du i så fall ikkje åleine om, men med fare for å røpe konklusjonen innleiingsvis: Det er ein langt meir omfattande prosess.

Både WCAG 2.1 og EN 301 549 er omfattande dokument på til saman eit par hundre sider som er skrivne på tung teknisk engelsk. Samstundes er det å forstå desse krava avgjerande for å utvikle løysingar som er i samsvar med regelverket som kjem med innføringa av EUs Webdirektiv (WAD). Dette understrekar viktigheita av å gjere standardane offentleg tilgjengelege på norsk. Målet om å gjere innhaldet lettare tilgjengeleg har difor vore førande for korleis omsetjinga av dei to dokumenta har gått føre.

Meir enn berre språk

Det å utarbeide ein norskspråkleg versjon av ein teknisk standard handlar om mykje meir enn berre språk. Fyrst av alt handlar det om teknisk og fagleg forståing. Vidare er det viktig med god og konsekvent ordbruk sett opp mot andre relevante dokument, slik som lover, forskrifter, omsetjingar av direktiv o.l.

Ved å berre omsetje ord for ord kan nyansar forsvinne. Eit konkret døme på dette er omsetjinga av det engelske omgrepet «accessibility». Måten omgrepet er nytta på i desse to engelskspråklege dokumenta femner om både «universell utforming» og «tilgjengelegheit» på norsk. Dette skilje på norsk gjer at ein må ta ei konkret vurdering for kvar gong basert på samanhengen «accessibility» står i.

Forståeleg for mottakarane

Vidare er det avgjerande for ei god omsetjing at ho er forståeleg for mottakarane, samstundes som innhaldet ikkje skal endrast samanlikna med originalversjonen. Ei klassisk problemstilling ein gjerne står overfor i samband med omsetjingar er kva ein skal gjere med uklart språk, og kanskje til og med feil, i originalversjonen. Dette er eit dilemma, då ein helst vil gjere omsetjinga så god og klar som mogleg, samstundes som ein vil vere lojal mot originalversjonen. I slike tilfelle veg lojaliteten til den opphavlege teksten tyngst. Det kan gjere vondt der og då, men i slike tilfelle er det heller vår oppgåve å spele inn forbetringar til neste revisjon av originaldokumentet.

Ei anna utfordring ein gjerne står overfor i denne samanhengen er vurderinga av kva som er forståeleg for målgruppa. Eit dokument kan vere riktig omsett, men viss det ikkje er nytta terminologi som målgruppa for standarden forstår, er det likevel ikkje ei god omsetjing. Dette er ein balanse mellom klarspråk og fagspråk. I arbeidet med omsetjingane av WCAG 2.1 og EN 301 549 var utgangspunktet at vi skulle bruke så mange norske omgrep som mogleg, men berre i det omfang at det gav meining for brukarane. Her var dei framifrå deltakarane i den breitt samansette referansegruppa avgjerande. Som ei følgje av dette heldt vi til dømes fast på det engelske omgrepet «parsing» og sette heller «oppdeling» i parentes bak. Motsett gjekk vi vekk frå å bruke «web» på norsk då det norske omgrepet «nett» både er vel så forståeleg og utbreidd.

Når omsetjingane no er klare håpar vi det er til nytte for alle dykk som skal ta dei i bruk.

Nyheitssak om at WCAG 2.1 og EN 301 549 no er på norsk

Lenke til WCAG 2.1 på norsk

Lenke til EN 301 549 på norsk (PDF)

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
6 + 2 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.