Høyring WCAG 2.1 og EN 301 549

Digdir og Nkom har sendt utkast til norskspråklege versjonar av EN 301 549 og WCAG 2.1 på høyring. Høyringsfristen er 24. april og det er ope for alle å kome med innspel.

Relevant for innføringa av WAD

I samband med innføringa av EUs Web Accessibility Directive (WAD) i norsk rett, har Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) å utarbeide norskspråklege versjonar av EN 301 549 og WCAG 2.1. Bakgrunnen for dette er at EN 301 549 har fått status som ein harmonisert standard gjennom ei gjennomføringsforordning til WAD.

Harmoniseringa gjer at ein legg til grunn at ei løysing som er i samsvar med krava i EN 301 549, som igjen viser til WCAG 2.1, også er i samsvar med krava i WAD. Som ein følgje av den nære koplinga mellom EN 301 549 og WCAG 2.1, er det hensiktsmessig å handsame desse to dokumenta samla.

EN 301 549 er ein ETSI-standard, medan WCAG 2.1 er utgitt av W3C. Ansvaret for kvalitetssikringa av dei norskspråklege versjonane ligg for EN 301 549 til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) som har nasjonalt standardiseringsorgan (NSO) for ETSI-standardar, medan det for WCAG 2.1 er Digdir som er akkreditert som Lead Translate Organisation (LTO) for WCAG 2.1 av W3C.

For å sikre heilskap i dei to omsetjingane er det etablert ei felles arbeidsgruppe beståande av Digdir og Nkom, samt innleigd konsulent frå Universell Utforming AS. Arbeidsgruppa har jobba tett med referansegruppa, som har bestått av representantar frå:

  • Trondheim kommune
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet
  • Bufdir
  • KS
  • Finn.no
  • Tingtun
  • Media LT
  • NEK
  • Norsk regnesentral
  • NTNU
  • OsloMet – Storbyuniversitetet
  • Universitetet i Agder
  • Norges blindeforbund
  • Hørselshemmedes landsforbund
  • Norges Døveforbund

Referansegruppa har bidrege med fyrstehandskunnskap i arbeidet med omsetjinga, og har samla kome med totalt 955 endringsforslag (665 til EN 301 549 og 290 til WCAG 2.1). Det er slik eit grundig arbeid som ligg bak utkastet som no er sendt ut på høyring.

Arbeidsgruppa ser fram til å sjå kva innspel som kjem i høyringa, og tek sikte på å ha klar offisielle omsetjingar av EN 301 549 (Nkom) og WCAG 2.1 (W3C) i løpet av våren 2021.

Frist for å sende inn høyringssvar er 24. april 2021.

Tilbakemeldingar på EN 301 549 skal sendast til: firmapost@nkom.no i eit eige tilbakemeldingsskjema i Excel- eller Word-format (ekstern fil) med referanse "2102046-2".

Tilbakemeldingar på WCAG 2.1 skal sendast til: public-auth-trans-no@w3.org.