Slik når du ut med informasjon til alle
Skal nødvendig informasjon nå alle? Ja, det er vi sjølvsagt einige om. Men om du legg ut informasjon berre som lyd eller video på nett utan at du også legg ut det same innhaldet som tekst, så er det mange som ikkje kan få det med seg. Det er viktigare enn nokon gong at innbyggarane får lik tilgang til informasjon og til digitale tenester.