Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Os kommune i Hedmark

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Os kommune i Hedmark. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda kontrast, tastaturnavigasjon, koding og skjema. Det ble ikke gitt merknader.

2017:14
06. mars 2018

    1 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringsloven § 36 første ledd jf. § 18, og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Vi gjennomførte tilsyn med Os kommune i Hedmark i tidsrommet 17.10.2017 – 18.12.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden http://os.kommune.no

    Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Os kommune i Hedmark kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

    2 Om ettersynet

    2.1 Tema

    Tilsynet omfatta følgjande tema:

    • Skjema
    • Navigasjon
    • Tastaturnavigasjon
    • Koding av innhald
    • Struktur og presentasjon
    • Tekstalternativ

    Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Os kommune i Hedmark kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema.

    2.2 Om verifikasjonen

    Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 12 indikatorar.

    Verifikasjon er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    • Google Chrome 62.0.3202.94
    • Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23
    • Kodevalidatoren til W3C

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

    2.3 Enkeltsider som vart testa

    1. Index
    2. Politikk
    3. Barnehageplass innledning
    4. Barnehageplass barnet
    5. Barnehageplass valg av barnehage
    6. Barnehageplass foresatte
    7. Barnehageplass kontroll
    8. Helse og omsorg
    9. Ledige stillinger
    10. Aktivitetskalender Os i Hedmark
    11. Politisk møtekalender
    12. Nyheter

    3 Resultat

    Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    3.1 Avvik 1: Kontrast

    Os kommune i Hedmark sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
    1 Side 2 og 3 Grønn på kvit overskrift, går igjen på alle sider
    2 Side 8 Lenker til søknadsskjemaer
    3 Side 10 Lysegrønt innhald, heile nettsida
    4 Side 10 "Featured"-label på arrangement
    5 Side 11 Sakstabell
    6 Side 12 Viktige meldinger
    7 Side 12 Nyhetsartikler
    b) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1
    Nr Side Element
    1 Side 6 Flere ledetekstar i fanen Foresatte i barnehageskjemaet
    2 Side 9 Søknadsfrist
    3 Side 11 Sakstabell politikk

    3.1.1 Kommentar avvik 1

    Feila som er avdekka på kontrast, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

    Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

    3.2 Avvik 2: Tastaturnavigasjon

    Os kommune i Hedmark sikrar ikkje tilstrekkeleg fokusmarkering på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon
    Nr Side Element
    1 Side 1 Navigasjonsbar øvst på sida
    2 Side 1 Navigasjonsmeny
    3 Side 1 Nyheter, saker, flere nyheter, Hva skjer, arrangementsinformasjon
    4 Side 1,2,8,10,11 og 12 Alt unnteke enkeltunntak som bilder, sosiale medie-knapper, enkelte nedlastingsknappar og værmelding/kontakt oss
    5 Side 3-7 Feilregistreringssymbol i barnehagesøknad (etter kontroll)

    3.2.1 Kommentar avvik 2

    Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskeleg å bruke for alle, spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

    • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

    3.3 Avvik 3: Koding

    Os kommune i Hedmark sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg koding på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a) Overskrift som ligg i eit tydeleg overskriftshierarki, der nivået i koden ikkje er det same som det visuelle nivået
    Nr Side Element
    1 Side 1,2,9,11,12 og 13 Feil i hierarkiet for overskrifter leder til mange følgjefeil. Nyheter, politikk, helse og omsorg, aktivitetskalender, politisk møtekalender, viktige meldinger
    b) Sider med syntaksfeil i koden
    Side Element som ikkje er nøsta korrekt Element som ikkje er avslutta korrekt Element som har same attributt fleire gonger Element som har IDar som ikkje er unike Sum Fatal error
    1 2 1 0 0 3 Nei
    2 2 1 0 0 3 Nei
    3-7 0 1 4 1 6 Nei
    8 3 1 0 0 4 Nei
    10 1 3 0 0 4 Nei
    11 2 1 0 0 3 Nei
    12 0 1 0 0 1 Nei
    Sum 10 9 4 1 24
    c) Skjemaelement som ikkje er kopla til ein ledetekst i koden
    Nr Side Element
    1 Side 1 Søk i hjemmesiden, søkefelt

    3.3.1 Kommentar avvik

    Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
    • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
    • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på iframe, gjer at brukaren veit kva innhald som blir henta inn.

    3.4 Avvik 4: Skjema

    Os kommune i Hedmark sikrar ikkje alltid synlege og beskrivande feilmeldingar i skjema.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

    a. Skjemaelement med automatisk oppdaging av tomme obligatoriske felt, har ikkje tekstleg feilmelding
    Nr Side Element
    1 Side 3-7 Gjennomgåande, gjeld alle feilmeldingar til obligatoriske skjemafelt for barnehageplass-søknad.
    b. Skjemaelement med automatisk oppdaging av inndatafeil har ikkje tekstleg feilmelding
    Nr Side Element
    1 Side 3-7 Gjennomgåande, gjeld alle feilmeldingar til obligatoriske skjemafelt for barnehageplass-søknad.
    c. Skjemaelement med automatisk oppdaging av inndatafeil med feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått
    Nr Side Element
    1 Side 3-7 Søknad om barnehageplass, gjeld alle obligatoriske felt i skjemaet.
    2 Side 3-7 Søknad om barnehageplass, numeriske verdiar, datoer og telefonnummer

    3.4.1 Kommentar avvik 4

    Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.

    • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.

    5 Standarden for nettløysingar

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Os kommune i Hedmark kommune omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 17.10.2017.
    2. Vi fekk dokumentasjon frå kommunen den 06.11.2017, Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
    3. Formøte vart gjennomført 14.11.2017. Felles for kommunane Melhus, Malvik, Røros, Holtålen og Os i Hedmark.
    4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 46 – 47.
    5. Førebels rapport vart sendt 18.12.2017.
    6. Vi fekk tilbakemelding frå kommunen på førebels rapport 12.01.2018.

    7 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Os kommune i Hedmark sendte følgjande dokumentasjon:

    • E-post frå kommunen 06.11.2017, med avtale om felles nettsider for kommunane Røros, Holtålen og Os i Hedmark
    • E-post frå leverandør 13.11.2017 angående felles nettsider for kommunane Røros, Holtålen og Os i Hedmark
    • Oversikt over 25 mest besøkte sidar august – oktober 2017
    • Oversikt over 25 mest besøkte tenester i 2017
    • Behovsspesifikasjon
    • Konkurransegrunnlag