uubloggen Vi er tilsynet i nytt direktorat

Portrett av Malin Rygg

Malin Rygg

Avdelingsdirektør
Digitaliseringsdirektoratet
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Frå nyttår er Difi historie, men vi går inn i ei ny og spennande tid og vi gler oss. Deler av Difi og deler av Brønnøysundregistera blir det nye Digitaliseringsdirektoratet, og tilsynet blir ein del av dette.

16. jan 2020

Samtidig med at eit kapittel no er over, startar eit nytt. Tilsynet for universell utforming av ikt har vore ein del av Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) sidan tilsynet vart etablert i 2013. Frå 1. januar i år vil tilsynet vere ein del av det nye Digitaliseringsdirektoratet, som består av Altinn, delar av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og deler av Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi).

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Reglane for universell utforming av ikt gjeld også privat sektor, og er ein viktig føresetnad for ei vellukka digitalisering. Så mange som mogleg skal ha lik tilgang til digitale tenester, uansett funksjonsevne.

Som tilsyn i Digitaliseringsdirektoratet vil vi halde fram med arbeidet for eit samfunn utan digitale barrierar - med kontroll, informasjon og rettleiing.

Vi har mange spennande saker i møte i år. Eit nytt regelverk som kjem med EUs webdirektiv er på full fart inn og vi lovar å halde dykk oppdatert. EU peikar på dei same reglane som vi i Norge har følgt sidan 2013 - WCAG. Dette les du meir om på regelverkssidene våre. Vi vil også oppdatere nettsidene våre på fleire måtar i år, følg med. Frå neste år vil dessutan reglane om universell utforming av ikt ikkje berre gjelde nye løysingar, men alle. Tilsynet vil halde fram med å jobbe med informasjon og rettleiing slik at det skal vere enklare for dykk der ute å forstå kvifor du skal tenke på universell utforming og korleis du løyser det.

Portrett av Malin Rygg

Malin Rygg

Avdelingsdirektør
Digitaliseringsdirektoratet
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.

Rein tekst

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
  • Web page addresses and email addresses turn into links automatically.