Hopp til hovudinnhald

Personar med nedsett funksjonsevne

18 % - tilsvarande 636 000 - av Noregs befolkning har nedsett funksjonsevne. Prosentdelen med nedsett funksjonsevne aukar med alder.

Definisjon

Det finst fleire definisjonar av omgrepet funksjonsnedsetting. Vi legg til grunn definisjonane SSB og DFØ bygger på i produksjon av statistikk.

SSB - Arbeidskraftundersøkinga: Med funksjonshemming meiner ein varige helseproblem som kan medføre avgrensingar i dagleglivet. Det kan for eksempel vere nedsett syn, høyrsel eller bevegelegheit, lese- og skrivevanskar, hjarte- eller lungeproblem, psykiske lidingar osv. Deltakarane i undersøkinga har svara på om dei etter eiga meining har ei funksjonshemming.

DFØ – innbyggarundersøking: Personar med funksjonsnedsetting er deltakarane som gjennom undersøkinga har svara ja på spørsmålet om dei har nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne som medfører avgrensingar i dagleglivet, og som har vara/vil vare i 6 md. eller meir.

Andel personar 15-66 år med nedsett funksjonsevne

Diagrammet viser andel personar 15-66 år, med og utan funksjonsnedsetting. 2020.

Kort oppsummert

  • 17,6 % mellom 15 og 66 år rapporterer gjennom SSB si arbeidskraftundersøking at dei har nedsett funksjonsevne. Dette tilsvarar at 636 000 personar mellom 15 og 66 år har funksjonsnedsetting.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 12760.

Personar med nedsett funksjonsevne fordelt på aldersgrupper

Diagrammet viser andel personar i aldersgruppene 15-24 år, 25-39 år, 40-54 år, 55-59 år og 60-66 år som rapporterer gjennom SSB si arbeidskraftundersøking at dei har nedsett funksjonsevne. 2020.

Kort oppsummert

  • Andelen personar med funksjonsnedsetting aukar med alder. I aldersgruppa 60-66 år har ein tredjedel nedsett funksjonsevne. Dette utgjer 130 000 personar.
  • Tilsvarande har ein fjerdedel mellom 55 og 59 år og ein femtedel mellom 40 og 54 år nedsett funksjonsevne.
  • 10 % i aldersgruppa 15-24 år har nedsett funksjonsevne. Dette utgjer 68 000 personar.
  • 13 % i aldersgruppa 25-39 år har nedsett funksjonsevne. Dette utgjer 139 000 personar.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 12760.