Funksjonsnedsetting og digital deltaking
Ein av ti personar med nedsett funksjonsevne er sjeldan/aldri på internett. 17 % har lite digital erfaring. Sjølv om det store fleirtalet er digitale, har personar med nedsett funksjonsevne lågare bruk av digitale løysingar og større vanskar med å bruke internett til å skaffe seg informasjon, varer og tenester, enn befolkninga elles.

Bruk av internett
Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking – der personar 18 år og eldre – med/utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: "Kor ofte brukar du internett?"

Kort oppsummert
- Personar med funksjonsnedsetting brukar internett i noko mindre grad enn personar utan funksjonsnedsetting.
- 82 % av personar med funksjonsnedsetting brukar internett dagleg, mot 93 % utan funksjonsnedsetting.
- Den relativt sett største skilnaden mellom personar med og utan funksjonsnedsetting når det gjeld bruk av internett, er blant dei som svarar at dei sjeldan eller aldri er på nettet. 10 % med funksjonsnedsetting er sjeldan/aldri på internett, mot 3 % utan funksjonsnedsetting.
Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.

Erfaring med tenester på internett
Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking – der personar 18 år og eldre – med/utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: "Kor stor eller liten erfaring har du med bruk av private eller offentlege nettenester, som nettbank, Altinn, nett-tv, kjøp av varer og tenester?"

Kort oppsummert
- Dei viktigaste skilnadene mellom personar med funksjonsnedsetting og personar utan funksjonsnedsetting, er at
- 17 % av personar med funksjonsnedsetting har ingen/liten erfaring med private/offentlege internettenester, mot 6 % utan funksjonsnedsetting
- 43 % av personar med funksjonsnedsetting har stor erfaring med private/offentlege internettenester, mot 62 % utan funksjonsnedsetting
Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.

Moglegheit til sjølv å kunne utføre oppgåver via internett
Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking – der personar 18 år og eldre – med/utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: "Kor fornøgd eller misfornøgd er du med det offentlege (statlege, fylkeskommunale og kommunale tenester og myndigheitsorgan) når det gjeld moglegheit til sjølv å utføre oppgåver over internett (sjølvbetjeningsløysingar, fylle ut og sende søknader/skjema e.l.)?"

Kort oppsummert
- Dei viktigaste skilnadene mellom personar med funksjonsnedsetting og personar utan funksjonsnedsetting, er at
- 24 % med funksjonsnedsetting er misfornøgde med moglegheitene dei opplever til sjølve kunne utføre oppgåver via internett, mot 13 % utan funksjonsnedsetting
- 54 % med funksjonsnedsetting er fornøgde med moglegheitene dei opplever til sjølve kunne utføre oppgåver via internett, mot 71 % utan funksjonsnedsetting
Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.

Bruk av kommunale tenester på internett
Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking – der personar 18 år og eldre – med/utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: "Kor lett eller vanskeleg meiner du det følgande er i din kommune: Bruke kommunens nettbaserte tenester?"

Kort oppsummert
- Dei viktigaste skilnadene mellom personar med funksjonsnedsetting og personar utan funksjonsnedsetting, er at
- 23 % med funksjonsnedsetting svarar at det er vanskeleg å bruke nettbaserte kommunale tenester, mot 16 % utan funksjonsnedsetting
- 48 % med funksjonsnedsetting svarar at det er lett å bruke nettbaserte kommunale tenester, mot 60 % utan funksjonsnedsetting
Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.

Bruk av innloggingsløysingar
Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking – der personar 18 år og eldre – med/utan funksjonsnedsetting - har svara på følgande spørsmål: "Kor fornøgd eller misfornøgd er du med det offentlege (statlege, fylkeskommunale og kommunale tenester og myndigheitsorgan) når det gjeld innloggingsløysingar for å utføre oppgåver på nett?"

Kort oppsummert
- Dei viktigaste skilnadene mellom personar med funksjonsnedsetting og personar utan funksjonsnedsetting, er at
- 24 % med funksjonsnedsetting er misfornøgde med innloggingsløysingar for å utføre oppgåver på nett, mot 14 % utan funksjonsnedsetting
- 53 % med funksjonsnedsetting er fornøgde med innloggingsløysingar for å utføre oppgåver på nett, mot 69 % utan funksjonsnedsetting
Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.