Ei aldrande befolkning
Noreg har ei aldrande befolkning. 850 000 er 67 år og eldre. Forventa befolkningsvekst i perioden 2021-2041 skjer i hovudsak blant eldre. Talet på innbyggarar over 80 år blir meir enn dobla.

Aldersfordeling i befolkninga
Diagrammet viser folketalet i Noreg spesifisert på 20-årige aldersgrupper.

Kort oppsummert
- Per 1.1.2021 var samla innbyggartal 5 391 369.
- Prosentfordelinga i aldersklassane er:
- 0-19 år: 23 %
- 20-39 år: 27 %
- 40-59 år: 27 %
- 60-79 år: 19 %
- 80 år og over: 4 %
Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 07459.

Framskriving av folketal i ulike aldersgrupper mot år 2041
Diagrammet viser prosentvis endring i folketal, spesifisert på 20-årige aldersgrupper i perioden 2001-2021. Diagrammet viser også forventa utvikling i folketalet fram mot 2041, basert på SSB sitt mellomalternativ for folketalsprognose.

Kort oppsummert
- Folketalet auka med 20 % frå 2001 til 2021. Den største auken er i gruppa 60-79 år, med 55 %.
- Dei viktigaste resultata for forventa folketalsutvikling (mellomalternativet) er:
- Det er forventa nedgang i folketalet for aldersklassane under 40 år, tilsvarande 3-4 %
- I aldersgruppa 80 år og over, er det forventa ein auke i folketalet på 113 %, meir enn ei dobling
- Forventa ein auke i samla folketal er på 9 % frå 2021 til 2041 (mellomalternativet).
Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 07459 og tabell 12881.