Hopp til hovudinnhald

Digitale brukarerfaringar

Innbyggarane får stadig meir erfaring med bruk av digitale tenester. Mobiltelefon og laptop er dominerande, smartklokker aukar kraftig. Likevel har 10 % lite eller ingen erfaring med bruk av offentlege og private nettbaserte tenester. Digitalt utanforskap har ein høg kostnad for den enkelte og samfunnet.

Erfaring med bruk av tenester på internett

Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking, 18 år og eldre, har svara på følgande spørsmål: "Kor stor eller liten erfaring har du med bruk av private eller offentlege nettenester, som nettbank, Altinn, nett-tv, kjøp av varer og tenester?"

Kort oppsummert

  • I perioden 2013-2021
    • er andelen som har liten/ingen erfaring med digitale tenester halvert, frå
      19 % til 9 %
    • har andelen som har stor erfaring med digitale tenester, auka kraftig, frå 35 % til 57 %

Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.

Moglegheit til sjølv å kunne utføre oppgåver via internett

Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking, 18 år og eldre, har svara på følgande spørsmål: "Kor fornøgd eller misfornøgd er du med det offentlege (statlege, fylkeskommunale og kommunale tenester og myndigheitsorgan) når det gjeld moglegheit til sjølv å utføre oppgåver over internett (sjølvbetjeningsløysingar, fylle ut og sende søknader/skjema e.l.)?"

Kort oppsummert

  • I perioden 2013-2021 har andelen som er fornøgde med å sjølve kunne utføre oppgåver via internett, auka frå 57 % til 67 %.
  • At andelen som har svara veit ikkje, eller har ingen meining, er redusert frå 22 % i 2013 til 6 % i 2021, kan sjåast i samanheng med at ein andelen som tek i bruk offentlege nettsider og skjemaløysingar, har auka.

Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.

Bruk av internett med ulike typar utstyr

Diagrammet viser utstyr internett er brukt på. 2021.

Kort oppsummert

  • Mobiltelefonen dominerer, 96 % brukar mobiltelefon på internett, medan 78 % brukar berbar pc.
  • Nær to tredjedelar (66 %) brukar smartklokker, spelkonsoll o.l. på nettet. Dette er meir enn tredobla frå 2018 (21 %).
  • Nettbrett og stasjonære pc-ar, vert brukt i vesentleg mindre grad.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 12349.