Alder og digital deltaking

Bruk av internett har auka formidlabelt blant eldre dei siste ti åra, men ligg under befolkninga elles. Med alder aukar også omfanget av funksjonsnedsettingar. Universell utforming skal bidra til digital deltaking også blant eldre.

Bruk av internett

Diagrammet viser prosentandel som har brukt internett dagleg/nesten dagleg siste 12 md. Aldersgruppene 16-74 år og 75-79 år. Periode 2009-2021.

Kort oppsummert

  • I 2021 har 70 % i aldersgruppa 74-79 har brukt internett dagleg/nesten dagleg, mot 17 % i 2009.
  • I 2021 har 95 % av aldersgruppa 16-74 år brukt internett dagleg/nesten dagleg, mot 76 % i 2009.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 11124.

Dei mest brukte internettenestene 16-74 år og 75-79 år

Diagrammet viser aktivitetar på internett siste 3 md. Prosent i aldersgruppene 16-74 år og 75-79 år. 2021.

Kort oppsummert

  • Aldersgruppa 75-79 år er gjennomgåande mindre på internett på alle tenesteområde.
  • Aldersgruppa 75-79 år brukar internett i hovudsak til nettaviser, e-post, banktenester og søking etter informasjon om varer og tenester. For desse internettaktivitetane er skilnaden mellom aldersgruppene 16-74 år og 75-79 år, relativt minst.
  • Størst skilnad på aldersgruppene 16-74 år og 75-79 år finn vi for deltaking i sosiale nettverk, video- eller telefonsamtalar på nett og netthandel.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 06998 og tabell 11436.

Bruk av offentlege tenester på internett

Diagrammet viser prosentandel som har fylt ut og sendt inn skjema til det offentlege via internett siste 12 md. Aldersgruppene 16-74 år og 75-79 år. Periode 2009-2021.

Kort oppsummert

  • Samla sett for aldersgruppa 16-74 år, hadde 75 % brukt offentlege sektor sine nettenester i 2021, mot 48 % i 2009.
  • I aldersgruppa 75-79 år, hadde 64 % brukt offentlege sektor sine nettenester i 2021, mot 7 % i 2009.

Kjelde: SSB Statistikkbanken, tabell 11004.

Moglegheit til sjølv å utføre oppgåver på internett

Diagrammet viser korleis deltakarar i DFØ si innbyggarundersøking – der personar 18 år og eldre - har svara på følgande spørsmål: "Kor fornøgd eller misfornøgd er du med det offentlege (statlege, fylkeskommunale og kommunale tenester og myndigheitsorgan) når det gjeld moglegheit til sjølv å utføre oppgåver over internett (sjølvbetjeningsløysingar, fylle ut og sende søknader/skjema e.l.)?"

Kort oppsummert

  • Resultat er fordelt på aldersgruppene 18-24 år, 25-34 år, 35-49 år, 50-66 år, 67 år og eldre. Dei viktigaste funna er:
    • Aldersgruppa 25-34 år er mest fornøgde med sjølv å kunne utføre oppgåver over nettet med 78 %, medan aldersgruppa 67 år og eldre har relativt sett færrast som er fornøgde, 55 %

Kjelde: DFØ, innbyggarundersøking.