Hopp til hovudinnhald
26. mai 2019

Kvar dag handlar vi nordmenn for millionar av kroner på nett. Netthandel er for mange ein enkel inngangsport til eit enormt vareutval. Vi har eit regelverk som skal sikre at alle kan handle på nettet. Tilsynet gjennomfører derfor kontroll av 10 store nettbutikkar no.

Sidan 2013 har Noreg hatt krav til at digitale løysingar skal vere universelt utforma. Allereie i 2014 viste våre målingar at nettbutikkane var vanskelege å bruke for mange. Berre halvparten av målingane for nettbutikkar gav resultat i samsvar med krava til universell utforming. Det betyr at mange opplever store hindringar når dei skal handle på nett.

Dialog med brukarorganisasjonar, tips og spørsmål frå publikum viser det same; mange har vanskar med å handle på nettet.

Statusmåling avdekka manglar

Ei måling av universell utforming frå 2018 inkluderte 22 nettbutikkar innan sport, kle, elektronikk, møbel, kosmetikk med meir. Vel halvparten (52 prosent) av testane viste samsvar med krava til universell utforming.

Det er derfor vi no køyrer kontroll med 10 ulike nettbutikkar. Dersom det vert avdekka brot med regelverket, vil nettbutikkane få ein frist til å rette opp. Tilsynet har elles sanksjonsmoglegheiter, og i siste instans kan vi ilegge tvangsmulkt dersom feil ikkje vert retta.

Universell utforming av nettbutikkar viktig også for seljar

Nettbutikkane har eit forbetringspotensial. Internetthandelen er i kraftig vekst. Virke sin handelsrapport for 2017/2018 viser at internetthandelen aukar vesentleg meir enn handel i butikk. Ifølge tal frå SSB selde nettbutikkane i Norge for over 21 milliardar kroner i 2017, ein vekst på 13,5 prosent frå året før. Dette gjer universell utforming viktigare, både for seljar og kjøpar.

Fordelen med nettbutikkar er at ein kan handle når ein vil og der ein vil. Svært mange føretrekk å handle via mobilen. For kundar med ulike funksjonsnedsetjingar kan netthandel vere eit viktig alternativ til den fysiske butikken. For den som ikkje ser, vil ein t.d. i nettbutikken få lest opp farge og størrelse på plagget og dermed kunne handle utan assistanse. For eldre kan det å handle på nett gjere kvardagen lettare for eksempel fordi ein slepp å gå til butikken på glatt vinterføre.

Det er derfor vi har eit regelverk som skal sørge for universell utforming av ikt slik at alle kan bruke dei digitale løysingane, uansett funksjonsevne.

Samtidig er det ein stor fordel for nettbutikkane sjølve at så mange kundar som mogleg til ei kvar tid kan gjennomføre bestillingar i butikken. Dette gir auka kundepotensial og meir inntening.

Nettbutikkane har mykje innhald og hyppig oppdatering. Dette innhaldet skal vere lett å nå, vere mogleg å forstørre og mogleg å få lest opp av opplesingsverktøy for eksempel mobil eller på skjermlesar. Kontrasten skal vere god slik at du kan lese innhaldet om du er svaksynt, har lagt att lesebrillene heime eller handlar frå mobilen ute i sola. Skjema skal vere utforma slik at du veit kva opplysningar du må oppgi for å gjennomføre eit kjøp.

Universell utforming må inngå i nettbutikkane sitt kontinuerlege arbeid med digitale tenester. Berre slik vert nettbutikkane brukarvennlege for alle. Oppfylling av regelverket om universell utforming vil dermed bidra også til auka inntening.

Gjeld også terminalar

Regelverket om universell utforming gjeld også betalingsterminalar. På landsbasis er det utplassert 155 000 betalingsterminalar i butikkar, kioskar, restaurantar og bensinstasjonar. Krava til universell utforming gjeld både korleis automaten er utforma og korleis den er plassert i lokalet.

I år lanserer vi eit verktøy for eigenkontroll av betalingsterminalar. I 2020 set vi i gang kontrollar også på dette området.

Informasjon om krav og tilsyn får du på uutilsynet.no.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 4 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.