Hopp til hovudinnhald
02. februar 2018

Snart gjeld universell utforming enno fleire nettstader. Er du klar? Viss nei, bli med og lær med oss på nett!

I år er det fem år sidan universell utforming vart eit lovkrav for nettsider, appar og automatar, og no er ikkje utdanningssektoren lengre eit unntak. Skular og universitet må frå neste år sørge for at alle typar nettløysingar retta mot foreldre, elevar og studentar er universelt utforma. Eksempel er nettsider, appar, læringsplattformar og digitale læremiddel.

Våre tilsyn på norske nettstader avdekker stadig brot på regelverket, men vi ser likevel at dei nye løysingane er meir tilgjengeleg enn dei som var før. Mange tenker at det er opptil leverandøren å levere ei nettside i samsvar med krava – men kva med innhaldet du legg ut sjølv?

Tenk uu når du publiserer tekst, bilde og video

Vi kan ikkje få sagt ofte nok at dei som sit dagleg og jobbar med innhaldet på ei nettside må ha i bakhovudet korleis dei skal kunne nå alle. Universell utforming handlar om brukarbehov. Det handlar om at du skal nå nokon der ute som du aldri har sett eller snakka med. Men hugs at dei der ute erfarer ikkje nødvendigvis verda på same måte som deg. Då er det meiningslaust om du kommuniserer på ein slik måte at den personen ikkje klarar å ta i mot. Det er her universell utforming kjem inn, og det handlar om kode, design, men også om innhald og det du gjer når du publiserer tekst, bilde og video.

Nettkurs og webinar

Eg håpar at i år vil du som sit kvar dag og jobbar med nettsider, er nettredaktør eller medarbeidar i ein nettredaksjon, hugse at universell utforming er ein integrert del av det redaksjonelle arbeidet, frå starten av og kvar dag, som du jobbar med jamt og trutt.

Bruk e-læringskurset vårt om universell utforming av nettinnhald som ei innføring og som eit oppslagsverk som du kan slå opp i når det er noko du lurer på eller har gløymt. Og hugs, kurset er gratis og ope for alle.

I løpet av året vil vi også legge ut ein kortare versjon som passar for dei som berre skriv for nett, som ikkje er nettredaktørar. Vi kjem også til å sette opp webinar for å nå ut til alle dykk i Norge som jobbar med nett, slik at du kan sitte på arbeidsplassen din og følge med på våre foredrag.

Med dette vil eg ønske dykk alle ein god start på 2018!

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
2 + 17 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.