Hopp til hovudinnhald
22. juni 2022

Stadig fleire personar set fram klagesaker som følgje av manglande universell utforming av ikt. Manglande universell utforming fører til digitalt utanforskap. Det er viktig at stemmene til dei som opplever dette blir høyrt. Difor tek tilsynet desse sakene på største alvor.

Mange opplever at digitale løysingar for innlogging, søknader og dialog med det offentlege, netthandel og timebestillingar er vanskelege eller umoglege å bruke. Noreg har eit lovverk som skal hindre digitalt utanforskap. Dersom du opplever diskriminering, kan du klage til Diskrimineringsnemnda som gjer vedtak etter likestillings- og diskrimineringslova. Tilsynet si rolle i slike saker er å gi ikt-fagleg uttale i kvar enkelt sak. Vi utfører testar av ikt-løysingane det er sett fram klage på, og held resultatet opp mot krav i regelverket for universell utforming av ikt.

Aukande merksemd om diskriminering og lovkrav

Talet på klager der vi som tilsyn gir uttale, har auka kraftig. I perioden frå 2015 til og med 2020, fekk vi 15 saker frå Diskrimineringsnemnda til test og uttale. Det siste halvanna året er tilsvarande tal 34 saker.

At sakene vert fleire, er ikkje noko grunnlag for å konkludere med aukande diskriminering. Vi trur det er meir sannsynleg at aukande merksemd rundt lovkrav til universell utforming av ikt-løysingar fører til at fleire no ønskjer å klage.

Men også blant verksemder i offentleg og privat sektor som har plikt til å sikre universell utforming av nettsider, appar og automatar, aukar merksemda om krava. Gjennom pandemien har vi sett at stadig fleire arenaer blir heilt eller delvis digitalisert. I eitt slikt bilde vil vi i tilsynet åtvare mot ei forklaring på digitalt utanforskap som berre ser på brukaren, innbyggaren eller kunden. Det er ikkje tilstrekkeleg å peike på manglande kompetanse, manglande erfaring eller manglande tilgang til utstyr hjå brukaren som forklaring på digitalt utanforskap.

Brot på regelverket om universell utforming av ikt kan for brukarar med større eller mindre funksjonsnedsetjingar, høg alder og/eller dei som har norsk som andrespråk, gjere det umogleg å delta på dei stadig fleire digitale samfunnsarenaene. Dette aukar faren for digitalt utanforskap.

Ytringsfridomen vert utfordra

Manglande universell utforming er ei demokratisk utfordring. Rapporten Funksjonshemmedes ytringsfrihet – åtte utfordringer peikar på:

Tilgjengelig informasjon er en forutsetning for å kunne benytte seg av ytringsfriheten. CRPD artikkel 9 og 21 forplikter myndighetene til å sikre funksjonshemmede samme tilgang på informasjon som andre har. I norsk lovgivning er forpliktelsen operasjonalisert særlig i likestillings- og diskrimineringsloven. NIMs funn viser at mange informanter opplever utfordringer med å få tilgang til informasjon. For eksempel opplever de med synsnedsettelse, hørselsnedsettelse og dysleksi digitale barrierer som manglende universell utforming av nettsider, lesere, apper, podkaster og lignende. De peker på at manglende tilgjengelighet, manglende universell utforming og mangelfull individuell tilrettelegging gjør at de får mindre informasjon enn andre.

Ikt-løysingane vi har testa på oppdrag frå Diskrimineringsnemnda, viser eit tydeleg bilde. Av i alt 30 ikt-løysingar tilsynet har testa, har 25 manglar knytt til universell utforming, i ei av ikt-løysingane er det ikkje avdekka brot, medan fire løysingar fell utanfor regelverket sitt verkeområde. Vi finn brot på regelverket innanfor mange område. Nettsidene til seks politiske parti på Stortinget er tidlegare testa av tilsynet for ikt-fagleg uttale i diskrimineringssaker. Alle braut fleire av krava til universell utforming av ikt.

Lik rett til utdanning?

Manglande universell utforming av ikt-løysingar i skule- og utdanningssektoren kan stå i vegen for likeverdig rett til undervisning og utdanning. Sakene frå Diskrimineringsnemnda viste at sju av ni ikt-løysingar til bruk i undervisning og undervisningsrelatert verksemd, braut med krav til universell utforming. Vi avdekka feil i kodegrunnlaget, noko som gjer det vanskeleg eller umogleg å bruke digitale læremiddel med hjelpemiddelteknologi. For dårleg kontrast, manglande tekstalternativ til ikkje-tekstleg innhald, mangelfulle ledetekstar og instruksjonar og manglande moglegheit for tastaturnavigasjon, står i vegen for digital deltaking for blinde og personar med nedsett syn, personar med nedsett motorikk eller kognitive funksjonsnedsetjingar.

Tilsynet testar per no 15 digitale læremiddel i klagesaker om diskriminering. Resultata er ikkje klare. Likevel har vi haldepunkt for at utdanningssektoren er eit område med høg risiko for digitalt utanforskap. Vi ser det same bildet i tilsynssaker. I 2021 førte vi tilsyn med fem verksemder i skule- og utdanningssektoren. Vi avdekka brot på regelverket om universell utforming i alle tilsyna. Alle fekk pålegg om retting​. To fekk vedtak om bot, og bota vart iverksett i eitt tilsyn. For elevar og studentar som i skulekvardagen ikkje kan bruke digitale løysingar som er i bruk i undervisninga – eller som i tilsynet med Universitetet i Bergen – ikkje får lik tilgang til informasjon på eksamen, får manglande universell utforming store konsekvensar.

Mind the gap

Uttrykket «Mind the gap» møter vi ofte når vi skal gå av toget, t-bane og liknande. Tilsvarande snakkar vi om funksjonsgap som gapet mellom samfunnet sine krav og individet sine føresetnader. Universell utforming skal minske funksjonsgapet og ivareta den enkelte sin rett til samfunnsdeltaking, bygge ned digitale barrierar og hindre at nye oppstår.

Vi er mange som treng det.

Les meir om uttalesaker om diskriminering på tilsynet sine statistikksider.

Les også bloggen Uu-tilsynet gir uttale.

Portrettfoto av Brynhild Runa Sterri
Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Brynhild Runa Sterri

Brynhild Runa Sterri er fagdirektør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Portrettfoto av Brynhild Runa Sterri
Brynhild Runa Sterri
Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 7 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.