uubloggen Kompetanseheving og brukarinvolvering

18. aug 2021

Nøkkelen til ei universelt utforma ikt-løysing ligg i rett kunnskap hos dei rette personane. I dette blogginnlegget vil vi gje nokre råd på vegen for korleis du og di verksemd kan heve kompetansen slik at løysinga kan brukast av alle.

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg

Som tilsyn blir vi frå tid til anna kontakta av verksemder som ynskjer innspel til korleis dei kan bli betre på, og forstå, universell utforming av ikt. Uutilsynet har ei rettleiingsplikt etter forvaltningsloven § 11, men denne plikta er ikkje uavgrensa. Vi prøver i så stor grad som mogleg å rettleie, men stundom blir det eit spørsmål om å balansere behovet til dei som tek kontakt mot vår kapasitet og uavhengigheit. Til dømes kan uutilsynet korkje førehandsgodkjenne ei løysing eller vere sparringpartnar i eit utviklingsløp. Dette er roller verksemdene må dekkje gjennom eigne ressursar eller innleige eksternt.

Våre generelle råd til verksemder som ynskjer å auke sin kompetanse på universell utforming av ikt er:

Skap forståing for behovet

Universell utforming av ikt-løysingar handlar ikkje (berre) om lovar og reglar, det handlar om likemoglegheiter for alle. Regelverk, tilsyn, pålegg og dagbøter er berre verkemiddel for å oppnå dette.

Driv du ei kommersiell verksemd er det openbart at du ikkje ynskjer å stengje ute mange hundre tusen potensielle kundar berre fordi dei ikkje kan navigere på nettbutikken og fullføre handelen. Dette er ei side av universell utforming mange gløymer, og som viser at universell utforming også har eit kommersielt tilsnitt.

Det same gjer seg gjeldande også for andre som ikkje har ein tradisjonell marknad på same måte som ein nettbutikk. Ta til dømes ein kommune. I Noreg har dei som oppfyller vilkåra i barnehageloven § 16 rett til barnehageplass i kommunen barnet er busett. Gjennom digitalisering av søknadsprosessen tek kommunane mål av seg å gjere det så enkelt som mogleg for foreldra å søkje barnehageplass når og kvar det passar dei best. Digitale verktøy kan i seg sjølv vere meir tilgjengelege for mange enn eit søknadsskjema på papir, men viss foreldre med funksjonsnedsettingar ikkje klarer å fylle ut søknadsskjemaet er dette eit hinder for den lovpålagde retten til barnehageplass.

Vi trur ikkje manglande universell utforming handlar om vond vilje, men at det er eit resultat av manglande kompetanse og medvit rundt behovet. Viss du ikkje er blind har du gjerne aldri høyrt om ein skjermlesar. Ein høyrande tenkjer gjerne at det er praktisk med undertekst på video, men er kanskje ikkje medviten om at det er avgjerande for at ein med nedsett høyrsel skal få med seg innhaldet. Og tastaturfelle, kva er det?

Det fyrste steget mot auka kompetanse er derfor å forstå kva utfordringar det er meint å avhjelpe.

Bygg kunnskap

For å gjere ei ikt-løysing universelt utforma må dei som jobbar med og i løysinga forstå mangfaldet blant brukarane. Det er ikkje nok at løysinga er universelt utforma, viss ikkje innhaldet også er det. Alle treng ikkje kunne alt, men anten du utviklar løysingar eller produserer innhald til ein nettstad, så må du kunne det mest grunnleggjande. Slik grunnleggjande kompetanse kan du til dømes få gjennom vårt gratis e-læringskurs om universell utforming av ikt. Andre nyttig ressursar er sidene om korleis ein jobbar med universell utforming og rettleiingssidene som spesifikt omhandlar nettstadar, appar og automatar.

Stundom treng ein meir inngåande og spissa kunnskap. Dette kan til dømes vere i samband med anskaffing eller utvikling av ei ny ikt-løysing, revisjon av og feilretting i eksisterande ikt-løysingar eller kartlegging av status i samband med den komande tilgjengelegheitserklæringa. Sjølv om det er norske utdanningsinstitusjonar som tilbyr studiar som heilt eller delvis omhandlar universell utforming av ikt, er det for mange urealistisk å ha slik spisskompetanse internt. Då er det godt å vite at det er mange konsulentselskap i Noreg som har god kompetanse på området. Vidare tilbyr uutilsynet rettleiing rundt konkrete spørsmål knytt til løysingar og regelverk via e-postadressa post@uutilsynet.no.

Brukartest

Sist men ikkje minst er det viktig å brukarteste løysingane. Brukartesting gir unik innsikt i korleis dei løysinga er laga for faktisk brukar og opplever ho. Ved å sjå korleis ei løysing vert nytta av dei den er laga for ser ein klart kva behov brukarane har. Vidare kan det bidra til at ein oppdagar feil før lansering og gje god læring om kvar skoen trykkjer. Det er ingen som veit betre kva som fungerer og ikkje enn dei som faktisk brukar løysingane. Dei har prøvd mange løysingar med utgangspunkt i sine eigne behov, og er slik ekspertar på kva som er gode og mindre gode måtar å framstille informasjon på. Brukartesting kan slik gje både brukarinnsikt og nye løysingar.

Og forresten - ei tastaturfelle er når ein person som navigerer på ein nettstad med tastaturet blir ståande fast på nettstaden på grunn av feil koding. Personar som navigerer med tastatur er gjerne ikkje i stand til å bruke mus. Dette kan til dømes skuldast nedsett motorikk grunna muskelsjukdom, senebetennelse eller liknande, men også blinde og svaksynte.

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Skriv ny kommentar

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.